
Paris, kl. 00:15, 25 november 1870:
Paul Rollier og Leon Bezier gjer seg klare for nattas eskapader. Nei, det var ikkje snakk om ein tur ut, pĂ„ dans pĂ„ lokalet. Dei skulle derimot ein kjapp tur opp i ballongen sin, Ville d’Orleans, for Ă„ frakte kurerpost frĂ„ Paris til ein stad noen fĂ„ mil utafor byen, slik ca rett bak fiendens linjer.
Siden det ikkje var lange svippen hadde dei kledd seg pÄ hÞveleg fransk vis i tynne, dandy klÊr og lakksko. Som vel dei fleste veit kan lakksko fint brukast i november. Det fins vel tilogmed dei som fremdeles brukar lakksko seint i november..julebord er julebord.
Problemet for vĂ„re franske venner var at for ikkje Ă„ bli skyte ned, mĂ„tte dei hĂžgare opp enn forventa. «Tatt av vinden» skulle nesten 70 Ă„r seinare bli ein braksuksess pĂ„ kino, men det visste ikkje desse to. Dei kom inn i ein kraftig luftstraum som beint ut kidnappa stakkarane og fĂžrte dei nordover. Over hav og land, til dei enda opp pĂ„ Lifjell i Norge. Over 14 timar tok turen, og er til dags dato verdens lengste ballongferd. Der var det kaldt Ă„ gĂ„ i lakksko. Da som nĂ„.
Ballongfararane fekk hjelp og kom seg til slutt til Kristiania der dei blei mottatt som helter. Dei kom seg videre med bĂ„t tilbake til Frankrike og kurerposten hadde dei med seg tilbake. Den fekk dei levert til rett adressat. Posten skulle fram!âïžđšđ»âđš
Det blei reist ein ballongfararstein der dei landa, og den skulle me nÄ opp og sjÄ pÄ. Med denne gongen var dotter mi pÄ snart 14 og Majoren .


Me kjĂžrte i veg frĂ„ BĂž mot Seljord og svinga av passe kort tid etter tunnelen. Oppover bar det. Bratt og flott. Etter Ă„ ha krabba noen kilometer stoppa me ved bommen (det koster 50,-og det kan Vippses) og da blei me samtidig guida i riktig retning av lokalbefokningen. Takk for det, Gunn Margit. (Bare for Ă„ ha nevnt det, nei, alle i BĂž heiter ikkje Gunn Margit. Men eg og ho gjer det…)

Me humpla oss videre oppover. Det gjekk ikkje fort,men jevnt og trutt. Vegen blei mindre og mindre urban,men nĂ„r min vesle,lĂ„ge sussebass av ein bil med sine nusselige lavprofildekk kom fram, kjem alle fram. KjĂžr pĂ„.đ




Vel framme nesten pĂ„ toppen, gjekk me etter skiltinga mot denne berĂžmte steinen. Trudde me…Det skulle vise seg at me tok litt feil der…me havna utpĂ„ ei diger myr.





Aldri har eg klart Ă„ bli sĂ„ vĂ„t pĂ„ beina sĂ„ mange ganger pĂ„ samme dag. Du skjĂžnner det at Gerd er aldeles livredd for orm. Og orm gjekk me rett pĂ„ i starten av gĂ„turen. Gerd holdt pĂ„ Ă„ svelge sin egen tunge av skrekk, sĂ„ derfor gjekk me og sĂ„g nĂžye pĂ„ bakken. Faktisk sĂ„ nĂžye at me ikkje sĂ„g meir orm, men heller ikkje at stien delte seg. Der me skulle ta til hĂžgre, gjorde me ikkje det..og der kom den myra inn, eller…me kom inn pĂ„ den myra. Den var stor og vĂ„t. Me prĂžva oss pĂ„ Ă„ komme over pĂ„ bĂ„de venstre og hĂžgre side. Det var ingen stor suksess. Att og fram er like langt. Hver gang.

Til slutt mÄtte me ringe ein venn. Me ringte tidlegare nevnte Gunn Margit, den lokalkjente. Ho visste sjÞlsagt hvor me hadde gÄtt feil, og etter Ä ha surra rundt litt til, fant me den smale sti som fÞrte til mÄlet.


Steinen blei sett pÄ,tatt bilde av, boka blei skrive i og historien lest.

SÄ var me pÄ veg ned att.
Litt nede i bakkene blei det ein stopp ved utkikkspunktet Grindekleiv.

Der er bygd ein installasjon av fem rom ein kan sitte i, i ein sirkel med bĂ„lplass i midten. Her du kan kvile trĂžtte (og/eller vĂ„te) bein mens du nyter den flotte utsikten over «innlandsfjorden»og evt speider etter sjĂžormen Selma.




Siden det var St.Hansaften, skulle me ned att og grille og kose oss ved vatnet. Mat og drikke hadde me med, men me var gjennomvÄte pÄ beina. Hva skulle me gjere med det? LÞsningen var Hegna Landhandel pÄ Vefall.


Hegna Landhandel er Äpen 365 dager i Äret og dette passa perfekt siden det var sÞndag. Dette er Norges fÞrste sjÞlbetjente landhandelbutikk og er stÞrre enn ein vanleg kiosk med sine 100 m2. Eg visste at dei hadde et godt utvalg av varer pÄ Hegna, sÄ der mÄtte det gÄ an Ä finne ei lÞysning, tenkte eg.
Det fant me.


Libresse Normal bind. Passer perfekt som sÄle i joggesko i str.39-40. Vingene blei flapsa inn og dei sklei rett pÄ plass.
Har du marsjstĂžvler og det er vinterstid, vil eg derimot anbefale Saba bind. Dei er litt tjukkere og gir bedre isolering. For herrer er Libresse Goodnight Extra et godt alternativ. Det er meir ein str.43-44. TĂžrr og fin pĂ„ et blunk.đ Kjekt Ă„ ha med pĂ„ tur. Tamponger er selvfĂžlgeleg lettere Ă„ bĂŠre pĂ„, men sĂ„ smĂ„ sko har ingen.
Dagen blei avslutta ved Seljordsvatnet i nydeleg kveldssol.




âïžTakk for turen!âïž
#visitbÞ #visitseljord #ballongfararsteinen #visittelemark #hegnacamping #seljordsvatnet #bÄlkos #liveterbestute #seljordvannet


Fint Ă„ vĂŠre med dere pĂ„ tur đđlikte sĂŠrlig godt lĂžsningen pĂ„ vĂ„te sko/bein đ€Ł
LikerLiker
đđđđđđ
LikerLiker