
Nå skal me til Drangedal!
Gerd er bestemt i stemma. Eg skjønner at her er det ingen vits i å protestere, men eg tenker mitt… Hva i all verden skal ho til Drangedal å gjera? 😳
Me skal besøke lama! Hæ?? Har det tippa? Lama…som i dyret lama eller Dalai Lama, spør eg, og lurer på om Gerd har blitt religiøs. Dyret, selvfølgeleg!…🙄
Eg blir nå betrakta som mindre intelligent, og holder klokelig munn så eg ikkje framlegger bevis på at eg er nettopp det. Eg skjønner fremdeles ikkje heilt hva me skal ut på nå, men eg jatter med og håper det dukker opp fleire ledetråder.
Det gjer det. Meldingsboksen min fylles opp av bilder av lamaer, geiter, påfugler, alpakkaer, ein vegg med fuglekasser, vannpark, klatrevegg og rorbu. I Drangedal. Alt dette med overskrifta HULFJELL GÅRD.






Det viser seg at Gerd har funne ei perle av ein besøksgård. Den er ikkje som alle andre gårder, klokka går baklengs og værkua er lykkeleg. Det trur eg forresten alle dei andre dyra der er også. Slikt liker me! 😄👍👍👍
Me kjører gjennom de dype skoger og ender opp på ein plass langs vatnet som får oss begge til å bryte ut i et langt og beskrivende ÅÅÅÅÅÅÅÅÅHHHH SÅ FIIIINT!!!


Vatnet glitrer og lamaene glor. På oss. som har hengt oss opp i begeistra ÅÅÅÅÅHHH’er. Dei treng ikkje å spelle såååå kule, dei bur her, er vant til plassen og kan være så blaserte dei bare vil, men me er jo akkurat kommet hit og er overvelda over å heldige me er som skal overnatte på denne vakre plassen. I ei rorbu. Heilt i vannkanten. SUKK!




Med oss denne gongen også, er min datter som elsker dyr. Ho blir godvenner med sau så fort ho nærmer seg. Detta blir bra.👍 For her er sau. Og ullgris. Og ku, kalv, hester, fasaner, emu, kaniner, ender og gjess. I tillegg til tidlegare nevnte arter.







Me blir møtt av eier Jan Halvor som ønsker velkommen og så blir vi raskt installert i den vesle rorbua av hyggelig hjelp på gården. Me må ta det heile inn litt om gongen, så me tar ein trippel kuleis nede på brygga.

Sola skin som om ho er galen, og Gerd ligg alt på knea og plukker blomster til å ha i sin medbrakte vase. Ja. Ho har det. Eg veit… Det er spesielt, men ho forklarer det slik : me må jo ha det koseleg på tur og markblomar er bare det nydelegaste eg veit, altså!!!


Me tar ein tur for å helse på dyra på gården. Hei alpakka. Hei ku. Hei geit med lange horn. Hei and og gås.



Så må datter bade. Vatnet er visst KJEMPEGODT, så Mor stikk tåa nedi for å kjenne. Deretter tar Mor tåa RASKT opp att og gjer seg svært opptatt med noe anna….Det blir forresten ett bad til seint utpå kvelden for datter, siden håndkleet detter til bunns i vatnet og Mor fremdeles ikkje har noko utprega stort behov for neglesprett.


I den vesle bua legg me oss til å sove etter å ha ete god mat og sett sola gått elegant og vakkert ned bak åsen. Noen av oss sover som normale folk, dvs til morgonen, mens andre (jada, ho med vasen) står opp kl. 04:00 for å ta bilde av soloppgangen.

Alpakkaen i tunet syns Gerd er like gal som me andre syns, for du kan sjå at den tenker «Herregud, hva driv du på med, ditt rare vesen?» på bilda me får sjå da me står opp. -Fleire timer seinere.


Morgostunda på brygga er lang og god med kaffe i koppen, og etterhvert vaknar gården og alle dyra til ein ny dag og nye besøk. Hulfjell Gård er nemleg åpen for besøk alle dager heile sommaren.




For ein strålende plass å tilbringe ein dag eller to. Ein tur hit anbefales barn i alle aldre. Her er det nemlig noe for alle, om du vil sitte stille og nyte synet, kjøre tråtraktor, ri eller hoppe ein halvtime i hoppeslottet. Vil du vite meir, kan du sjekke ut Hulfjell.no




God tur, folkens. (hels Al Pakka og si unnskyld for ødelagt nattero.)

Jeg, en utflytta drangedøl, født og oppvokst ved Toke, blir helt imponert over bilder og beskrivelse av det flotte stedet.
LikerLiker
Å,tusen takk for så hyggeleg tilbakemelding!😃🙏🌸Ja,det e utruleg fint ved Toke!! Fekk du heimlengsel?
LikerLiker