🇳🇴Ekte helter i Telemark🇳🇴

Vemork

Dei fleste av oss har nok hørt historien frå krigen om tungtvannet og sabotasjeaksjonen på Norsk Hydros anlegg på Rjukan. Kanskje har du sett den gamle filmen med Kirk Douglas eller dokumentarserien som gjekk på NRK for ikkje alt for lenge siden. Det hadde me også. Me visste hovedtrekka om hva som hadde skjedd og navn som Joachim Rønneberg, Claus Helberg og Knut Haugland dukka opp i hjernen da me gjekk over brua til Vemork denne lettskya dagen i august.

Hengebrua over Rjukanjuvet

Lite visste me at me skulle gå derifrå nokon timar seinare, ettertenksomme og rørte, med ein gjenstridig klump i halsen over det me hadde sett og hørt.

På veg opp til anlegget.

Me starta med ein omvisning av ein fantastisk kunnskapsrik guide ved navn Øystein.

Øystein forteller i maskinhallen

Han begynner med å fortelle oss historien om hvordan det heile starta på Rjukan ein gong på 1800-tallet. Om hvordan ein ung ingeniør, som bruka 11 dager på å gå frå Kongsberg til Rjukan, blei heilt fortapt i Gaustatoppen og Rjukanfossen.

Gaustatoppen
Rjukanfossen in all it’s glory

Den unge mannen fant ut at han måtte måle høgda på Rjukanfossen med sitt egenproduserte kvikksølvapparat. Målinga var vanskeleg å fullføre i botn av den mektige fossen, så han gjekk litt lenger nedover elva Måna og trudde han var på samme høgde… Rjukanfossen blei dermed måla til å være nesten 271 meter mens den i verkelegheten er «kun» 104!

Litt skakkmåling, der altså.. Dette medførte at ryktet gjekk i Europa om at Rjukanfossen i Vestfjorddalen i Telemark var verdens høgaste foss. Dei kondisjonerte i samfunnet, dvs dei styrtrike, ville nå heller dra til Rjukan på ferie og sjå fossen enn å reise til Afrika. Slik starta turismen i Norge.

I 1880-åra låg Krokan turisthytte nær Rjukanfossjuvet, men blei seinare flytta.
Krokan turisthytte. På slutten av 1890-tallet blei også Rjukan hotell bygd i nærheten for å huse turistene som kom for å sjå ‘Verdens Høgaste Foss’

På 1890-tallet kom det enda ein ung ingeniør hit. Som turist. Hans navn var Sam Eyde.

Han var ein visjonær innen vannkraftutbygging i Norge og sikra seg rettighetene til vannkraftutbygginga i Telemark alt i 1890-åra. Lang historie kort; tilfeldigheter førte til at Sam Eyde i 1903 møtte fysiker Kristian Birkeland, etter sigende, på et nachspiel, hos statsråd Gunnar Knudsen i Oslo. Dei kom i prat, og fant ut at Birkeland satt på løsninga som Eyde trengte i kjemiske framstilling av salpeter. Salpeter blanda med kalkstein blei kunstgjødsel. Verden venta på kunstgjødsel, og sammen klarte dei å løse gåta om hvordan få dette til. Slik starta Norsk Hydros kunstgjødselfabrikk på Rjukan i 1910. Mange tilfeldigheter og masse slit. Alt som måtte bygges og ordnes før produksjonen i det heile tatt kunne starte…vanntunnel frå fossen, kraftstasjonen, jernbane til Notodden via ferjene på Tinnsjøen, byen, fabrikken…det var snakk om ei investering som i dagens verdi tilsvarer 1,5-2 norske statsbudsjett! Nå gjaldt det bare å få tak i investorer. Veldig spennende historie som du hører meir om ved ein guida tur. Anbefales. Les meir her: http://nia.no

Rjukan (da Såheim) 1907

Såheim (nå Rjukanbyen) gjekk frå å ha et innbyggertall i 1907 på 280 menneskje til 11.000 i 1916. Rallerane (sluskene) og andre ansatte hadde med seg familiene sine, så tallet steig fort.

Samme stad bare ni år seinere, i 1916..
Ferdig i 1911

👆I 1911 sto den vakre kraftstasjonsbygningen på Vemork ferdig og nokon år seinere blei hydrogenfabrikken bygd.👇

Hydrogenfabrikken, også kalla ‘Vannstoffen’, lyste som et lysslott der oppe i lia og dekte heile fasaden til den gamle kraftstasjonen.

Fabrikken blei bygd 9 meter framfor fasaden på kraftstasjonen. Den blei rive så seint som i 1977. Her var det vannbeholdere som omdanna hydrogen og oksygen til gass. Det var imidlertid ikkje alt som blei til gass. På botn av desse beholderane låg det att noko rart vatn. Dette var tungtvann.

Tungtvann. (Bilde lånt fra industriarven.no)

Tungtvannet hadde den egenskapen at det sakna ned kjemiske organiske prosesser. Fyrst var tanken å bruke tungtvannet til å sakne ned deling av kreftceller. Forskere fant ut at det også kunne brukes i atombomba for å få kontroll på den kjernefysiske reaksjonen ved at den gjekk saktere. Dette vatnet ville tyskerane ha og tok over produksjonen. Da dei allierte skjønna hva Hitler skulle bruke tungtvannet til, ga dei beskjed om at dette måtte stoppes. Det var tid for sabotasje.💥💥💥

I februar 1942 hoppa det i fallskjerm ned i området ein Vinje-kar ved navn Einar Skinnarland. Han skulle bl.a finne ut hvor stor produksjonen var på Vemork og rapportere tilbake til England.

Einar Skinnarland

Dei allierte satte i gang den fyrste aksjonen som blei kalla Operation Freshman. I november ’42 kom det 34 kommandosoldater over i to glidefly som blei trukke av to bombefly. Desse skulle bli møtt av Skinnarland og fire andre lokale Rjukangutter som hadde komme tilbake til fedrelandet og slått seg sammen med Skinnarland like før. Denne gruppa blei kalt Grouse og blei leda av Jens Anton Paulsen.

Grouse-gruppa skulle lage landingsbane for glideflya, følge dei engelske kommandosoldatene ned til Vemork, skyte seg over brua til kraftstasjonen og sprenge tungtvannskjelleren. Da glideflya kom inn over området, var været imidlertid så dårleg at flygerane såg ikkje landingsbanen. Dei måtte snu og prøve å komme seg tilbake til Skottland. Det gjekk dårleg. Det var kaldt og på grunn av kulda, sleit slepewirene til glideflya og begge styrta. Det samme gjorde det eine bombeflyet, så det var kun ett fly som greide å returnere. Dei som overlevde flystyrten, blei tatt til fange og henretta like etter.

Operasjon Freshman gjekk ikkje heilt som planlagt.

Operasjonen Freshman var altså ein fiasko, men det var ikkje noko alternativ å gje opp. Grouse-gruppa fekk da beskjed om å trekke seg lenger innover på vidda, mot Kalhovd, til ei hytte som hette Svendsbu. Her skulle dei få forsterkninger til å sette igang ein ny aksjon. Dei fem karane hadde forsyninger for å klare seg i 14 dager, men enda opp med å måtte være der i fire mnd. Det var dårlig vær og lite mat, men på veslejulaften fekk dei endeleg skyte et reinsdyr. Det var fest den julaften. Knut Haugland har fortalt at dei nok overlevde ved å eta innholdet av reinlav i reinens mage. Det inneholdt nemleg livsviktige vitaminer, noko dei ikke hadde mykje av.

I midten av februar 1943 kom det ein gjeng på seks mann, kalt Gunnerside, leda av ein 23-årig Joachim Rønneberg. Flydroppet av Gunnersidegjengen bomma litt på landingsmålet, så dei bruka fleire dager i dårleg vær på å komme seg fram til Svensdbu. Dette medførte at ein god del av utstyret dei hadde med frå England måtte etterlates der på vidda. Dette ville igjen si at dei kun hadde nok sprengstoff til å sprenge tungtvannskjelleren på Vemork, ikkje heile kraftstasjonen. Gunnerside kom seg til slutt til Svendsbu og møter der Paulsen og dei andre i Grouse. Nå var dei elleve. Desse elleve var dei som til slutt gjennomførte den berømte sprengningsaksjonen på Vemork.

Dei som var med på det som blei kalla den mest vellykka krigssabotasjen i historien.

Dei hadde også denne gongen ordre om å skyte seg over brua, men etter flystyrten hadde tyskerane funne Freshman-papir med kart over sabotasjeoperasjonen. Vaktholdet ved brua var forsterka og fjellsida inne på området var minelagt. Dette gjorde at Gunnerside måtte finne ein anna veg inn. Ein galskapsplan om å klatre ned juvet og så klatre opp på andre sida uten å bli oppdaga blei foreslått av Rønneberg. Husk at dette var på vinterstid. Alt var islagt. Har du sett ned i juvet på Rjukan, skjønner du at det virker heilt utenkeleg at det skulle kunne gå.

Forestill deg dette midt på vinteren…

Claus Helberg sier til Rønneberg at han ville prøve å gå juvet, for å sjå om det var mulig å komme seg fram den vegen. På dagtid 27. februar gjekk Helberg opp ruta, og kom tilbake og sa at det var gjennomførbart. For et ufatteleg pågangsmot og offervilje desse unge mennene utviste! Det blir sagt i dokumentaren som blir vist: vi visste at dette med stor sansynlighet kunne være slutten, men intet offer var for stort for et fritt Norge. Klump i halsen igjen.

Inne frå sambandshytta der dei hadde kontakt med England

Like før midnatt satte dei i gang. To av karane var igjen på hytta inne på vidda for å ha kontakt med England. Dei resterende ni sklei seg ned juvet og klatra opp på andre sida. Dei kom seg fram til kjelleren der tungtvannet var. Det var to lag med to mann på hver som hadde med seg nok sprengstoff til å ta kjelleren. Resten sto vakt. Dei hadde ein avtale med ein av dei ansatte der at den eine døra skulle stå ulåst, men denne ansatte var sjuk denne dagen, så dei møtte ei stengt dør. Dei fant ein anna åpning og klatra inn. I tungtvannsrommet møtte dei ein ansatt som fekk beskjed om å stå stille. Han spurte fint om ikkje han kunne få finne brillene sine før dei sprengte, for under krigen var briller vanskelege å få tak i. Sjøl om det var knapt med tid, leita sabotørane og fann brillene før dei plassera sprengstoffet og tente lunta. Mannen med brillene blei beordra opp ein etasje med beskjed om at han skulle vente 20 min med å varsle. Så blei gjort. Det var mange tilfeldigheter på sabotøranes side denne natta. Da ladningen gjekk av, var det ingen voldsom smell. Ved midnattstid hadde det vore vaktskifte, og den nye vakta fann ikkje knappen til flombelysningen. I tillegg var dei tyske soldatane vant til at det av og til gjekk ein elg e.l. på ei mine der i skråningen, så da dei hørte det dumpe smellet, trudde dei det var det som var skjedd nok ein gong. Det var sno og føyke denne natta, men det hadde vært kaldt, så karane gjekk lett på skaren mens vinden skjulte spora deres i nysnøen. Alle kom seg usett ned juvet, over jernbanelinja, gjennom byen, opp Olav Ryesvei med sine 21 svinger, og var på toppen 3,5 timer etter eksplosjonen.

Heile ruta

Det var ein vellykka operasjon, men siden dei ikkje hadde fått sprengt heile kraftstasjonen, var produksjonen igang igjen etter nokon månader.

Amerikanerne bestemte seg da for å bombe heile greia uten godkjenning frå den norske regjeringa som satt i London. Det blei sendt 176 bombefly som slapp over 1000 bomber over Rjukan. Heilt mislykka tokt. Det blei lite skade på tungtvannskjelleren, men mykje skade på bygningene og enda værre: 21 sivile blei drept i anleggets bomberom, deriblant to på 12 år.

🌹🌹🌹

Etter detta beslutta tyskerane å flytte produksjonen og lageret med tungtvann til Tyskland. Det blei bestemt at alt skulle fraktes på jernbanen, via passasjerferga Hydro over Tinnsjøen.

Passasjerferga Hydro.
Bilde lånt frå industriarven.no

Vaktholdet rundt jernbanen var stort, men ingen holdt vakt over ferga det skulle fraktes på, så det var det svake punkt. Tre motstandskarer med Gunnersidemedlem Knut Haukelid, i spissen, kom seg ombord ila av natta. Dei fekk plassert ei tidsinnstilt bombe i botn som smalt av midt utpå på Tinnsjøen. Ferga gjekk raskt ned. Det omkom 14 sivile og 4 tyske soldater her denne dagen men 26 blei redda av folk som rodde ut og plukka dei opp frå det kalde vatnet.

Kart over fraktinga av tungtvannet

Ferga ligg nå på 430 meters djup og er freda. Å ta denne ferga og jernbanen var ein vanleg måte for folk på Rjukan å komme seg til Notodden og videre på. Dei få som visste om denne sabotasjeoperasjonen fekk streng beskjed frå London om å ikkje advare nokon mot å ta turen denne dagen. Det ville vekke mistanke om det var lite passasjerer. Rjukan var ein liten by der alle kjente alle, så tenk deg dilemmaet… Venner, familie, slektninger, naboer….grusomt, men nødvendig. Dette var kanskje siste sjanse for å få stoppa Hitler i å lage den krigsavgjerende atombomba.

Frå maskinhallen

I tillegg til framvising av film om tungtvannsaksjonen er det på museet ei anna framstilling framført av skuespillere som har spela inn scener frå dei fire sabotasjene.

Trykk for å velge hvilken av operasjonene du vil ‘være med på’

Her i dette 360 graders filmrommet, med lyd og stemmene som forteller, får ein det så nært. Ein ser menneska som var midt i heile galskapen. Dei blir meir enn bare tall. Me hører bl.a den unge soldaten som forteller at han løyg på alderen da han verva seg som fallskjermjeger for dei allierte. Han var 17 da han starta. Han blei bare 18. Eg prøver å svelge den store klumpen i halsen. Eg har ein sønn på snart 20. Dette gjorde vondt i mammahjertet og eg sitt med tårer i augene igjen her eg sitt og skriv om det.

Trengte et fint bilde med liv og farger her…

Ein tur rundt i maskinhallen viser dimensjonene på utstyret.

Her oppe sto dei og jobba i 120 decibel uten hørselsvern. Da dei blei døve var det kanskje ein lettelse for da blei det roligere?
Skulpturelt fine maskiner

På museet er det i tillegg fleire andre utstillinger også nå:

Frå utstillinga ‘Det Brenner’ som omhandler brannvesenet og dets oppbygging i Norge.
Brannvernutstyr i denim…
Ting blei liksom gjort med litt meir stil i gamle dager….
Denne utstillinga handler om utålmodige arbeidere på Rjukan og Notodden som tok kravet om 8-timersdagen i egne hender i 1918.
1.mai faner
Du kan få kjøpt deg mat og drikke her i kafeen.
Rjukan-Notodden industriarv blei med på UNESCOs verdensarvliste i 2015.

I 1977 blei fabrikkbygningen framom den fine gamle kraftstasjonsbygningen sprengt i lufta og jevna med jorda.

Frå sprengninga i 1977
Foto: Anders Bull

I 2017 blei det starta arkeologiske utgravinger på området med håp om å finne golvet og kanskje ein vegg av den gamle tungtvannskjelleren. Gleden og overraskelsen var stor da det viste seg at heile romma var meir eller mindre intakte. Kjelleren blei rydda, og nå ventes det på å settes i stand . Det krever tilskudd men det må jo komme…Det var jo her det heile skjedde, det er jo denne kjelleren som er heile årsaken til den historien eg nå har fortalt.

Me er på veg inn i kjelleren som blei avdekka
Inn luka oppe på veggen her kom Rønneberg og co seg inn da dørene var stengt.

Å stå der nede og høre og sjå på plassen akkurat hva som skjedde den dramatiske natta for så lenge siden, er veldig spesielt! Eg føler at eg er med på noko historisk. Kjem du hit, vil eg absolutt anbefale å få med seg turen ned i kjelleren.

Kjelleren var ikkje klappa sammen. Den var like solid og trassig som dei norske motstandsfolka under krigen.
Og her var det tungtvannet sto. Det var her det blei leita etter briller før det smalt. Akkurat her. I dette vesle rommet.

Å gå rundt på museet på Vemork er som å komme på heimebesøk og høre dei involverte fortelle sjøl om alt det dei hadde gått gjennom. Ein sterk opplevelse som fyller oss med takknemleghet nå som me veit. Mykje kan bli tilgitt, men det må aldri bli glømt.

🕊🇳🇴Takk for innsatsen🇳🇴🕊

2 kommentarer om “🇳🇴Ekte helter i Telemark🇳🇴

Legg igjen en kommentar